….

Hei, her er det eit lite livsteikn frå meg. Dette blei ein litt for lang pause og eg må innrømme at i løpet av desse månadane utan å skrive eit einaste innlegg har eg bestemt meg for at denne bloggen skal på ubestemt tid ta ein pause. Eg klarar ikkje å slette den fordi den har eksistert sidan mars 2010.

Har på ingen måtar tenkt å slutte å blogge fordi eg har laga ein ny som eg har gitt namnet Lukkeblad (eller lykkeblad) som er det nynorske ordet for firkløver.
Håpar at du vil følgje meg vidare.

Instagram: April 2014

I  løpet av April gav eg opp med å leggje ut daglege bilete på Instagram, skyldar på bronkiten og bristen i ribbebeinet, men eg er stolt over at eg klarte over 100 dagar.

1collageinstagramapril2014
1. Tok omsider turen til Lindex og desse to handlenettene med Mummimotiv blei med meg
2. Ho her *hjarte*
3. Innkjøp frå Fretex: Ei korg, Ei veske med eit gamalt fotokamera og brett med bein (er det betre namn?)
4. Ventar på båten fordi eg skulle heim
5. Mamma fekk Mummimamma-skåla på forskudd
6. Bella som er kattungen til Molly som ikkje lenger er ein kattunge
7.  Denne er nå plassert på grava til Bestefar som døydde 7. April for 9 år sidan
8. Big Bang Theory er aldri feil
9. På Kystbussen

2collageinstagramapril2014
10. Var hos legen
11. Venta på at lillesyster skulle komme med båten, kjekt med besøk
12. Æsj….
13. Pannekaker med blåbær (og siste dagen eg huska å ta bilete kvar dag)
14. Hardkokt egg
15. Det er ikkje påske utan Poirot
16.Meg i Mariusgenseren
17. Fekk bestille meg denne filmen, den var betre enn det eg hadde trudd
18. Haha, blinkskutt

3collageinstagramapril2014
19. Prøvde neglelakken til Mamma
20. På veg ifrå påskeferie
21. Ein heil veke utan kvarandre
22. Jordbær i sola saman med bestevenninna mi
23. Taco-laurdag
24. Hang opp dei fine cottonball som har vore nedpakka sidan før jul.
25. Kjekt med meir plass og denne kjøpt på IKEA er fin/genial
26. Marilyn og Audrey
27. Haha, Molly med den tunga si

Instagram: Mars

Denne kommer ein månad for seint, men eg skyldar på at eg har vore sjuk i snart to månadar, men her er instagramrutene for Mars. Den tredje månaden i 2014 kan beskrivast med Netflix (alt for mange sesongar av ulike seriar), sofa og tørrhoste som etter kvart utvikla seg til slimhoste.

1collageinstagram-mars2014
1. Toget som gjekk forbi gåruta mi
2. Var i India i 2008 og først nå redigerte eg bilete frå Bandhavgarh
3. Drakk varmt vatn med honning for halsen som starta å bli vond
4. Sjå kor søt ho er med tunga si hengande ut
5. Prøvde meg på å skrive L med pannekakerøra
6. Tøflane mine som eg har meir eller mindre budd i sidan jul
7. Orka ingenting
8. Doc = bra for ein vond hals som hostar
9. Kor er Molly?

2collageinstagram-mars2014
10. Havregryn med banan
11. Molly
12. Tok på neglelakk medan eg såg på PLL
13. Pretty Little Liars
14. Smoothie når matlysta ikkje er der
15. Prikkete negler
16. The Community
17. Mollykos
18. Teppet mitt som eg er så glad i

3collageinstagram-mars2014
19. Selfie med Molly og meg
20. Gjensyn med den første sesongen med Heroes
21. Blåbærsyltetøy
22. Var ein tur innom Søskenbarnet mitt
23. Molly… igjenL
24. SMOOTHIE
25. Ein ekt Converse og ein sokk frå Ebay.
26. Hadde vafler dagen etter vaffeldagen
27. Eit nytt Mollie Makes ute i butikken

4collage-instagram-mars2014
28. Skuggar er fint
29.❤
30. Chill
31. Lo litt av denne underteksten på Glee

Instagram: februar

Nå kommer det 28 ruter med bilete av korleis min Februar 2014 såg ut

collagefeb20141
1. Eg skifta på senga 2. Hadde vaskedag 3. Lagde mine første eltefrie Ciabatta og hadde besøk av syskenbarnet mitt 4. Fant omsider den nye Mummikoppen 5. Fekk voksenpoeng ved å kjøpe strykejern 6. Kjøpte Dilla på håndlaget og Molliemakes 7. Reiste heim for helga 8. Fant fram dei gamle leikene mine medan me hadde besøk av ein liten kar 9. Koste med denne fine katten

collagefeb20142
10. Lagde meg ein smoothie *hjarte* 11. kjøpte meg ein liten, men stor kommode på Fretex til 35 kr 12. Ein katt som ser ut frå plassen sin 13. Sånn såg det ut på kontoret/gjesterommet 14. Hadde besøk og var på IKEA 15. Fekk hjelp til å skru saman TV-benken 16. Spelte The Sims 2 på ein sundag 17. Kjøpt meg ein blom på Rema 1000 18. Prøvde meg for første gong på Overnight Oatmeal

collagefeb20143
19. Overnight Oatmeal 20. Eit rart egg 21. Smoothie in the making 22. Overnight Oatmeal
23. Var ute på tur med ein fin gjeng 24. Overnight Oatmeal…igjen 25. Malte den kommoden eg kjøpte på Fretex med Tavlemaling 26. Dagenes kjøp: kattesand 27. Smoothie

IMG_20140228_163232
28. Teikna eit smilefjes

Når eg ser dette virkar eg som ein utroleg sunn person, men det er eg langt ifrå (hehe)

Har fleire instagrambileter eg vil dele med dåke:
collagebeb2014bonus
Bilete av 1. Påskeegg NÅ?! 2. Har ingen ord 3. Haha… 4. Såg på Mean Girl for fyrste gong på år og dag, du kan finne den på Netflix 5. Såg på OL 6. Ein Ilse Jackobsen regnkåpe til under 400 kr på Fretex 7. Leikte med denne fine fyren 8. Halvpris på Fretex (som er nevnt før på bloggen) 9. Molly-selfie

Fretex på ein lørdag

image
I dag hadde Fretex 50 prosent på alt brukt dei siste 2 timane. Eg gjekk ut med desse skattane til heile 60 kr:

image
2 rammer, ei veske som hadde kosta 25 kr (eg som ikkje er så glad i vesker), Seasam Stasjon gardiner (til syprosjekter og eg har faktisk gått frå dei ein del gonger tilfelle det var andre som ville kjøpe dei) og ein fin sak til å ha sukkeret oppi.

image
Bonus: Sjå kor fin ho er. Det går overraskande bra med oss med tanke på at ho ikkje stoler på folk og nå kan ho blant anna leggje ved sida av meg for å lukka auga og ikkje bry seg om meg, det er framskritt.

Desse har eg lagt ut på Instagram

Januar: Instagram

I januar har eg kvar dag tatt bilete på Instagram. Var spontant gjort den 1. januar og
eg har lyst å gjere det resten av 2014.
Sånn såg min Januar ut

collageinstagramjanuar1
1. Den første dagen i 2014 reiste eg med buss for å komme meg på den andre sida av fjorden etter ei jul heime.
2. Hadde ein god lunsj før eg starta jobben med å pakke ut tinga mine
3. Var på Kvadrat og hadde eg herleg middag, det er lov når ein ikkje har funnet/pakka ut tinga som trengs for å lage middag heime
4. Internettet virka for første gong i den nye leiligheiten. Var ikkje klar over at eg måtte ringe til Telenor for å melde flytting
5. Kjøpte ting på Kitchn då det var 70% for nokre måneder sidan og pakka dei ikkje før nå sidan eg skulle flytte før jul.
6. Omsider fant eg ein Globus på Fretex som eg har hatt lyst på lenge og kosta «berre» 150 kr
7. Fant ut kor eg skulle ha tallerkane mine
8. Første bilete av Molly som er katten eg passar på og som er kattemora til Bella (katten til foreldra mine
9. Bakte mitt første brød som er eltefritt. Oppskrifta finn du her

collageinstagramjanuar2
10. Denne karen var på besøk i nokre timar. Han blei påkjørt 23. desember og fekk heldigvis ingen skader.
11. Reiste heim til søsken og foreldre. Leita etter ting å ta bilete av og fant dette som eg har hatt sidan eg var liten.
12. Tru det eller ei, det var faktisk sol ute og eg måtte sjølvsagt ta bilete av skuggen min
13. Skulle tru at ho aldri har fått kos
14. Denne var i postkassen og er kjøpt her.
15. For ein som har sett The Birds 2 gonger er det sikkert sånn Helvete ser ut
16. Kjøpte ein krydderhylle til 20 kr og som eg vil fikse. Tips?
17. Reiste opp til Haugesund på besøk. Nokre timar etterpå gjekk det ikkje ann å komme seg over fjorden. (og broren min blei 30 år)
18. Cola og hobby i mitt hjarte
collageinstagramjanuar3
19. 2 timar før eg skulle ta Kystbussen opna ferjene over fjorden igjen og eg kom meg nedover
20. Kom eit trinn lenger med heklinga
21. Ein som må ha kos medan eg ser på tv eller sitter på sofaen
22. Denne er bra å høyre på medan ein rydder
23. Henta nye briller som eg ser klart med, men som eg må venne meg til
24. Hadde ein koseleg kveld med søskenbarnet mitt og dottera hennar og eg lagde Nachos
25. Overførte omsider alle bileta mine over på den eksterne hardisken
26. Lagde smoothie for første gong i år
27. Koser oss (fant ut at det er eit liknande bilete, men det er sånn det er hos oss)

collageinstagramjanuar4
28. Såg på bilete som eg tok i India feb/mars 2008
29. Hadde sofaen for meg sjølv (luksus) og såg på The Big Bang Theory
30. Handla ein del garn
31. Var på eit koseleg besøk hos Charlie.

Endeleg ein globus

image

Eg er vel ikkje den einaste som synast at gamle globuser må vere noko av det finaste i verda?
Denne fekk eg tak i på Fretex på måndag (ikkje sist torsdag som eg først skreiv). Den kosta berre 150 kr og er finare enn eg hadde håpa på. Kor gamal den er veit eg ikkje, men det står Sowjetunion (den er på tysk, men det gjere ingenting når den er så fin som den er)

På bilete ser du òg ei lyslukt frå Iittala som kosta berre 15 kr

Har du ein globus eller har du lyst på? 

 

20131114_154501

Eg vil ønska deg som kikkar innom eit riktig godt nyttår og håpar at 2014 vil behandla deg med all den respekten du fortenar. Sjølv er eg ikkje så glad i å feire denne dagen, trur at det er pga at det er for høge lydar som eg reagera på (var nemlig tunghørt dei første 5 år av livet mitt). 

Eg er heime åleine, men eg lider ingen naud, har blant anna sett dei siste episodane av den amerikanske versjonen av The Office, for ein finale og akkurat nå ser eg ein episode av Poirot på netflix.

I fjor hadde eg planar om å sjå Disney-klassikarane, men det gjekk berre i nokre få veker, så i 2014 har eg ingen planar enn å få tinga på plass i den nye leiligheiten, eg gler meg.

Godt nyttår😀