I byrjinga av Mai var eg på mitt første Loppemarknad nokosinne, men eg må innrømme at prisane på enkelte ting var for dyrt (med tanke på verdien på tinga så er det ikkje dyrt, men loppemarknad skal vera billig), heldigvis fant eg meg noko som har hatt lyst på.


Ein settekasse til 25 kr (har sett bloggar kor dei har malt desse kvite og har tapet inni, men eg vil ha den som den er)
Ein tallerkenhylle til berre 20 (!) kr.

Dame #1: ”Den er fin å male kvit”.
Dame #2 til Dame#1: ”Har du gløymt ein null?”

Fargane er så stygge at dei er fine, men omsider vil eg male denne (men eg tvilar på at det vil bli i kvit sidan ”alle” har det)


Buzz:
Would you like to yell at the moon with Buzz Aldrin?
Liz: Yes… please!

Buzz: I own you!
Liz: You dumb moon!
Buzz: I walked on your face!
Liz: Don’t you know it’s day!? Idiot!

30 Rock (sesong 4, episode 20)

I dag har eg omsider fått ut monsteret som har plaga meg sidan dagen før bursdagen min.
Størrelsen på tanna tilseier at den har vore der nokre år, kanskje eg har hatt den i tannkjøttet alt for lenge (ein normal tann har to røtter, medan min hadde fire og ein halv), og kanskje det er den som er årsaka til at eg har vore plaga med bihulene?
Det var litt ”dramatisk” sidan det låg for nær 12 årsjekselen, og fordi tannlegen hadde for liten plass til å bultre seg på. Sjølv om eg hadde ein god dose med bedøving kjente eg det godt då han sleit lenge og vel med å få han ut. Tannlegen som tok tanna ut sa at han aldri hadde sett ein tann som min, hehe.

Viss ikkje du liker småblodige tenner, ikkje sjå på bileta nedanfor.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.


Eg har ikkje oppdatert på 2 veker fordi eg har vore alt for dårleg til å tenkje ut kva eg skal skrive om.
På to veker har eg vore hos legen 3 gonger. I morgon blir det tannlegen, håpar han finner ut at kvifor eg har så vondt på høgre side av kinnet. Har ein mistanke at det er ein eller fleire visdomstenner på veg. Har du vore plaga med det?