Pluss/minus på ein regndag

+

* Å få eit fint dikt på melding
* Samtalar på bussen som gjer at turen ikkje vare lenge
* Skaffe seg ein ny PC-pute med vifte
* Å få heimelaga mat av IL
* Å sjå finalen av True Blood saman med ei som er like gira som meg *hjartehjarte*
* Ha ei venninne som kjører deg fordi bussen kjørte ifrå meg
* Stemme
* Å få Paloma Faith CD-en i Posten frå Play.com for nesten ingenting (Viss du har sett St.Trinian’s så spelar ho emoen). Har hatt innlegg om
ho før her og her
* Varme sokkar
* Tenne lys som gir stemning


* Å vera forkjølt og ha vondt i hovudet
* Sitte å fryse i ca. 4 timar sjølv om ein har strikkegenser på seg
* Nesten vera på buss-stoppen, men bussen kjørar frå deg sjølv om han som kjørar ser deg springe og vifte med hendene
* Å vera detektiv sidan postmannen/dama ikkje gjorde jobben sin
* Våte sokkar

Kom til leiligheiten i byen for seks timar sidan etter å ha vore heima hos foreldra mine i over ei veke. Postkassen var full av pakkar frå Play.com + ein lapp frå Posten at eg måtte henta den andre t-skjorta mi *glede*