3.05

I dag har det blitt 8 år sidan at me måtte ta eit vanskeleg farvel med den fine, men den kanskje litt for sære og spesielle hunden som var ein viktig del av livet mitt i 12 år (10 av dei åra budde ho hos oss og det første dyret eg hadde). Eg er berre så glad for at me hadde nokre dagar på oss for å ta adjø.

Eg har så mange minner av ho, som den gongen eg fant graut (ja, du leste rett, graut) under puta mi eller alle dei gongene ho tok leikene mine ho tok ifrå meg.

Det er så rart å tenkje på kor knytta du kan vere til eit kjæledyr og kor mykje du kan sakne ho/han sjølv etter så lang tid.

Reni00 - Kopi
Reni ❤

1. Kva var ditt første kjæledyr?

 

 

 

Advertisements

Kjære Besto

Du er den utan tvil den mest unike personen eg har kjent og eg er heldig som fekk ha deg i livet mitt i 24 år.

Det er 74 dagar sidan eg fekk telefonen om at du ikkje er i blant oss og det har ikkje gått ein dag utan du er i tankane mine. Det er ingen ord eller handling som kan beskrivast kor glad eg er som hadde deg i livet mitt og kor mykje eg saknar deg.

Besto, eg saknar å gi deg klemmer medan eg fortel deg kor glad eg er i deg.

Klemmer frå Lene

(Eg skulle ønske eg kunne skrive meir, men orda som er i tankane mine vil ikkje samarbeide)

#15

Det virke som om dagen i dag er den som er minst motiverande, ikkje er eg motivert til å blogge eller å rydde osv.
Var på Youtube for å sjå om eg kunne finne videoar frå Tigerparken eg var på for snart 3 år sidan

Har du tips til motivasjon?

Eg kan ikkje forstå at Gustav Lorentzen Betre kjent som Ludvigsen er død. Han blei berre 62 år gamal, noko som er alt for tideleg.
Takk for alle dei fine minnene du gav oss.