(Ufrivillig) pause

image

Hei. Eg må dessverre ta ein pause frå bloggen. Nett-pinnen har bestemt seg for å streike ein periode og dei eg leige hjå har ikkje vore nede for å snakke om å få ein nettkabel ned til leiligheiten sånn eg kan bestille meg eit breibånd.

Me sjåast snart (håpar eg…)

Sist helg

(Dette skulle ha komme sist sundag, men som alltid er eg himla treig)

Eg mistenker at fredagar er skapt for å kunne…
 
– Komme rett til ferdig middag hjå IL etter ein lang og kanskje litt keisam dag.
– Spele omgong etter omgong med Scrabble.
– Bli kjørt heim medan me ler av lokalradioen sidan personen som snakkar har ein typisk treig stemme.
– Sjå Senkveld medan ein ryddar og finn utstyr som skal bli brukt den dagen.

Laurdagar er kanskje skapt for å kunne…
– Stå opp tideleg og ventar på at ei venninne (som i dette tilfellet er IL) skal komme.
– Ha bussturen frå helvete (Eg gadd ikkje å seie: “hadet bra” som eg alltid seiar til dei som eg “kjennar”)
– Gå rundt i Stavanger i fleire timar.
– Ha kinamat til lunsj.
– Kjøpe inn utstyr til kvelden.
– Vere lei i beina.
– Lage Pita-Pizza.
– Ha ein koseleg kveld kor ein får vera kreativ medan ein høyrar på nymotens musikk.
 

Sundagar er skapt for å kunne…
Slappe av i senga/sofaen medan ein ser film(ar) eller seriar
– Late som det ikkje er rot etter gårsdagen<

Dessutan er det gøy å klippe ut barter og ta dei på grillpinnar

Torden…

image

image

… Når det er torden eller lyn ein torsdagskveld er dette det finaste du kan gjera: finne ein bok (i dette tilfelle, True blood #6) + eit pledd.

(Dette skreiv eg på mobilen)
P.s: innlegg om sist helg kommer seinare når eg er heime i leiligheten i dag eller i morgon.

Pluss/minus på ein regndag

+

* Å få eit fint dikt på melding
* Samtalar på bussen som gjer at turen ikkje vare lenge
* Skaffe seg ein ny PC-pute med vifte
* Å få heimelaga mat av IL
* Å sjå finalen av True Blood saman med ei som er like gira som meg *hjartehjarte*
* Ha ei venninne som kjører deg fordi bussen kjørte ifrå meg
* Stemme
* Å få Paloma Faith CD-en i Posten frå Play.com for nesten ingenting (Viss du har sett St.Trinian’s så spelar ho emoen). Har hatt innlegg om
ho før her og her
* Varme sokkar
* Tenne lys som gir stemning


* Å vera forkjølt og ha vondt i hovudet
* Sitte å fryse i ca. 4 timar sjølv om ein har strikkegenser på seg
* Nesten vera på buss-stoppen, men bussen kjørar frå deg sjølv om han som kjørar ser deg springe og vifte med hendene
* Å vera detektiv sidan postmannen/dama ikkje gjorde jobben sin
* Våte sokkar

11. September

Då USA blei offer for Terroren for 10 år sidan var eg 13 år og hadde forta meg frå skulen for å nå eit program som gjekk på Tven. Medan programmet gjekk kom det ein melding om at det skulle komme ein ekstra nyheitsending fordi eit fly hadde styrta i World Trade Center. For å vera ærleg blei eg småirritert fordi
eg ikkje visste kva WTC var og fordi eg ville sjå neste episode av serien, men det endra seg med ein gong då eg såg flyet styrte i det store bygningen.
Eg lurte først om det var ei ulykke, men det endra seg fort då eg såg det andre flyet styrte i tvillingtårnet.

Kva min første tanke var då eg såg dei første bilete anar eg ikkje, men eg reknar med at reaksjonen min var som mange: “Dette skal ikkje skje, dette skal
ikkje skje”. Sjølv om det har gått 10 år sidan kjennar eg at eg får ein klump i magen uansett om eg har sett videoar og bilete så mange gonger at eg har mista teljinga.

Kor var du då du høyrte om terroren som endra verda?

Om ein månad har eg faktisk budd her i 3 år (eg følar at det ikkje er lenge, men likevel følar eg at det er lenge).
I løpet av desse åra har eg vore på leiting etter det “perfekte” dusjforheng, men eg har ikkje funnet nokon som eg kunne tenkt meg å betale for å henge på badet.

Før:


Etter:

Berre på nokre få dagar fant eg …. Ikkje berre eit, men to. Kva er oddsen for det?


Dette var det 70% rabatt på Ting og er kanskje litt psycho til å ha på badet, hehe