I nesten 2 timar…

image

….. Er dette utsikten min. Dei rada med straum-uttak er oppteken, men av erfaring veit eg at det er få som blir med til siste stopp, medan eg ventar høyrar eg på Løvenes konge soundtracket på norsk.
Snart er det påske og familiekos 🙂

Ha ein fin fredag.

Fine ting som har skjedd i det siste:

* Eg vant konkurransen om å vinne eit gåvekort frå Coolstuff som Siv hadde. Den som eg fortalte om i sist innlegg.

* Kjøpte ein ny blender fordi den eg hadde før bestemte seg for å bli øydelagt (hallo appelsinjuice, som eg har sakna deg)

* Ete så mykje at ein ikkje orkar å gå før lenge etterpå.

* Vere glad fordi maten eg lagde på laurdag falt i god smak og fordi at venninna mi blei kjempeglad for påskeegget eg gav.

* spele mykje Settlers og Wordfeud

* Ete Freia Påskeegg for første gong i år.

* At det snart er påske og familiekos.

++++

Kva fine ting har skjedd med dere?

Fretex + gåvekort


Dagens kjøp frå Fretex, Ina-bokserien (fekk tak i 9 av 12 bøker) som eg leste då eg var yngre.

Som du kanskje ser så er serien i frå 60- og 70-talet, hehe.

Ein ting til slutt: Huskar du det stilige klesbrettet som eg fekk til jul? Om du har lyst på det eller andre ting frå Coolstuff.no MÅ du trykkje deg innpå bloggen til Siv (du kan vinne eit gåvekort på 200 kr!!).


Om eg hadde vunne skulle eg utan tvil ha gått for dette kule Makro- og vidvinkelobjektivet og vips kan du ta makrobilete utan å måtte ta med deg større kamera.

Den helga som var

 
 
 
– Reist med fly for første gong sidan India (Akkurat nå er det faktisk 4 år sidan)
– Blitt litt skuffa over at det var tåke/overskya slik eg ikkje fekk sjå delar av Vestlandet frå fleire tusen meter.
– Budd på hotell
– Overraska tante saman med 14- 15 andre damer og hatt det koseleg
– Klemt på Birte og gjekk saman rundt i Bergen *hjarte*
– Sett Pernille Sørensen. Fyttigrisen for ei dame som fekk heile salen til å bryte ut i latter.

Eg er ganske så heldig som har fått den familen eg har