Endeleg ein globus

image

Eg er vel ikkje den einaste som synast at gamle globuser må vere noko av det finaste i verda?
Denne fekk eg tak i på Fretex på måndag (ikkje sist torsdag som eg først skreiv). Den kosta berre 150 kr og er finare enn eg hadde håpa på. Kor gamal den er veit eg ikkje, men det står Sowjetunion (den er på tysk, men det gjere ingenting når den er så fin som den er)

På bilete ser du òg ei lyslukt frå Iittala som kosta berre 15 kr

Har du ein globus eller har du lyst på?