….

Hei, her er det eit lite livsteikn frå meg. Dette blei ein litt for lang pause og eg må innrømme at i løpet av desse månadane utan å skrive eit einaste innlegg har eg bestemt meg for at denne bloggen skal på ubestemt tid ta ein pause. Eg klarar ikkje å slette den fordi den har eksistert sidan mars 2010.

Har på ingen måtar tenkt å slutte å blogge fordi eg har laga ein ny som eg har gitt namnet Lukkeblad (eller lykkeblad) som er det nynorske ordet for firkløver.
Håpar at du vil følgje meg vidare.

Advertisements

Fretex på ein lørdag

image
I dag hadde Fretex 50 prosent på alt brukt dei siste 2 timane. Eg gjekk ut med desse skattane til heile 60 kr:

image
2 rammer, ei veske som hadde kosta 25 kr (eg som ikkje er så glad i vesker), Seasam Stasjon gardiner (til syprosjekter og eg har faktisk gått frå dei ein del gonger tilfelle det var andre som ville kjøpe dei) og ein fin sak til å ha sukkeret oppi.

image
Bonus: Sjå kor fin ho er. Det går overraskande bra med oss med tanke på at ho ikkje stoler på folk og nå kan ho blant anna leggje ved sida av meg for å lukka auga og ikkje bry seg om meg, det er framskritt.

Desse har eg lagt ut på Instagram

 

20131114_154501

Eg vil ønska deg som kikkar innom eit riktig godt nyttår og håpar at 2014 vil behandla deg med all den respekten du fortenar. Sjølv er eg ikkje så glad i å feire denne dagen, trur at det er pga at det er for høge lydar som eg reagera på (var nemlig tunghørt dei første 5 år av livet mitt). 

Eg er heime åleine, men eg lider ingen naud, har blant anna sett dei siste episodane av den amerikanske versjonen av The Office, for ein finale og akkurat nå ser eg ein episode av Poirot på netflix.

I fjor hadde eg planar om å sjå Disney-klassikarane, men det gjekk berre i nokre få veker, så i 2014 har eg ingen planar enn å få tinga på plass i den nye leiligheiten, eg gler meg.

Godt nyttår 😀

 

3. advent

Tenn lys! 
Tre lys skal flamme
for alle som må slåss. 
For rettferd og for frihet. 
De trenger hjelp av oss. 
Må ingen miste motet 
før alle folk er ett. 
Tenn lys for dem som kjemper
for frihet og for rett.

Eg håpar at du har hatt ein fin 3.advent, min har blant anna bestått av å sove lenge, rydde, vore i byen for å kjøpe siste rest og sett nokre episodar av «Modern Family» og diverse julekalendere.

For meg er denne sundagen spesiell, grunnen er fordi det er den siste sundagen eg tilbringer her i leiligheiten. Eg skal framleis bu i Stavanger, men eg skriver meir om det seinare.

Ha ein fin sundagskveld vidare.

13. Desember

julekalender2013

Svart senker natten seg i stall og stuer.
Solen har gått sin vei, skyggene truer.
/:Inn i vårt mørke hus, stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia:/

Natten er mørk og stum. Med ett det suser
i alle tyste rom som vinger bruser.
/:Se på vår terskel står, hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia:/

«Mørket skal flykte snart fra jordens daler».
Slik hun et underfullt ord til oss taler.
/:Dagen skal atter ny stige av røde sky
Sankta Lucia, Sankta Lucia:/

Eg håpar at du har kosa deg med lussekattar (det har eg ikkje gjort) og at du har opplevd fine ting sjølv om det er fredagen den 13 i dag.