Molly

341kopi347kopi
Hei, eg vil at du skal helse på Molly som er katten som eg passar på ubestemt tid og som
høyrer til den nye leiligheiten som eg nå leigar.
330kopi043kopi
                                                     haha, ho ser så sur ut

Advertisements

Krakow

Krakow 2013 350  Krakow 2013 331  Krakow 2013 328  Krakow 2013 274
Slutten av juni reiste eg saman med foreldra mine, to tanter, eit søskenbarn og typen hennar til den polske byen Krakow som er på UNESCOs liste over verdas kulturarv og er rekna som ein av Europas vakraste byar.

I løpet av desse dagane fekk me oppleva ein god del, blant anna var me innom dei to kjente konsentrasjonsleirane Auschwitz og Birkenau som er så sterkt å oppleve at ein får vondt i hjarte og følar seg tom.
Elles kan eg anbefale eit besøk til Saltkruvene, tenk kor gøy det er å få oppleve å få vere 130 meter under jorda.

Eg kan fint reise tilbake til Krakow, men eg trur at neste tur til Polen vil gå til Gdansk.

Polen

Eg har lenge hatt planar om å lage innlegg om turen eg hadde til Krakow for ei stund sidan, men orda har ikkje lyst å samarbeide med meg, så medan eg ventar på det skal delvis dukke opp vil eg dele nokre av dei mange bileta eg tok på turen ned (einaste som er dumt at eg fekk vingen med på nesten alle bileta)

Krakow 2013 007
Krakow 2013 070Krakow 2013 072Krakow 2013 073Krakow 2013 075Krakow 2013 079Krakow 2013 081Krakow 2013 085

3 år

Hurra for bloggen min som har blitt heile 3 år.
Tusen takk til alle som har klikka innom og gitt dei finaste kommentarane i verda som eg blir satt ut av. Sjølv om eg ikkje er den som er mest aktiv så er eg glad for det som bloggen har gitt meg.
Eg skulle ønske at eg kunne gitt alle kake for å feire, men akkurat det går jo ikkje.

Veit du at eg var i India på denne tida for 5 år sidan. Der var eg på skuletur og opplevde ting som eg kommer alltid til å ha med meg, blant anna tigersafari *HJARTE*, Taj Mahal ++- Sidan eg blir dårleg av sterk mat så levde eg meir eller mindre på Naan-brød.

collagesaf
Her er ein collage som eg lagde for ei stund sidan, Eg har tatt dei på tigersafari som heiter Bandhavgarh National Park

Kva gjorde du på denne tida for 5 år sidan?

Det kan vere fint å ta seg ein tur til heimbygda mi for å tilbringe helga saman med foreldre og syster + dyr.

Sånn såg det ut då eg tok meg ein gåtur til Besto.
 
 

I går kveld var himmelen utroleg nydeleg, men kamera på mobilen tok ikkje alle fargane.

Håpar at alle får ein fin sundag 🙂