reprise: pannekakedagen

(Eg gløymte ut at det var pannekakedagen i dag, men i skrivande stund held eg på med den første pannekake som dessverre såg mislukka ut (men i magen min er det alltid plass til pannekaker uansett om dei er litt for mørke eller ikkje fått farge))

 

Skreiv dette i fjor:

«Eg har alltid vore glad i denne matretten, kanskje fordi det er ein av dei eg følar eg meistrar å lage.
Eg må nesten skryte over meg sjølv sidan eg klare å snu dei lufta, men eg må innrømme at det har vore nokon som har fått eit ublidt møte med golvet og deretter matavfallet, hehe.

Ting som er passar godt saman med pannekaker:
– Nugatti (det høyrast rart ut, men er faktisk godt)
– Blåbærsyltetøy
– Frosne blåbær (himla godt)
– Bacon

Der eg kjem frå har me poteter og bacon ved sida av pannekaker. Må ikkje gløyme ut å fortelje at me må strø sukker på pannekakene saman med flesket, namnam.

Ein sundag i fjor lagde eg nederlandske pannekaker for første gang, oppskrifta fant eg her

  

1. Likar du pannekaker og kva likar du å ete det saman med?
2. Kva meistrar du å lage? (Her har me lov å skryte av oss sjølv :D )»

 

Nyttårsforsett

Som regel brukar eg ikkje å ha nyttårsforsett, men i år vil eg prøve å sjå dei fleste av Disney-klassikarane som har blitt laga, så langt har eg hoppa over 2 av filmane.
Eigentleg er planen å sjå ein film i veka, men det er ikkje alltid lett å få til.

vlcsnap-2013-01-21-13h49m51s14vlcsnap-2013-01-21-13h54m15s115
Så langt har eg sett:
* Snehvit og de syv dvergene (Snow White and the Seven Dwarfs) (1937)
* Pinocchio (1940)
* Dumbo (1941)
* Bambi (1942)
* Donald møter nye venner (The Three Caballeros)(1944)

Har du sett nokon av desse?

I’m back

Eg tok nok ein pause ifrå bloggen, men sånn kan det gå når ein ikkje er fornøgd med designet som var før (sjølv om det var koseleg var det ikkje heilt meg og eg fekk ikkje fikse det på den måten eg ville). Eg håpar og trur at eg får meir lyst å blogge når eg ser korleis Nattdraum ser ut nå.

Sånn såg bloggen ut før:
nattdraumfor

Bakgrunnen som eg har nå ser eigentleg sånn ut:
424 - Kopibbb

Eg håpar at det går supert med alle saman. Ha ein stålande fin fredag og helg