Nyttårsforsett

Som regel brukar eg ikkje å ha nyttårsforsett, men i år vil eg prøve å sjå dei fleste av Disney-klassikarane som har blitt laga, så langt har eg hoppa over 2 av filmane.
Eigentleg er planen å sjå ein film i veka, men det er ikkje alltid lett å få til.

vlcsnap-2013-01-21-13h49m51s14vlcsnap-2013-01-21-13h54m15s115
Så langt har eg sett:
* Snehvit og de syv dvergene (Snow White and the Seven Dwarfs) (1937)
* Pinocchio (1940)
* Dumbo (1941)
* Bambi (1942)
* Donald møter nye venner (The Three Caballeros)(1944)

Har du sett nokon av desse?

Advertisements

# 9

I går var eg og ei venninne på Black Swan sidan eg fekk to billettar gratis før jul. Den var utroleg fin, men sær film som alle burde sjå.
Andre ting som skjedde i går: 1. Smakte Jordbær-iste før første gong 2. Kjøpte ein College-genser (eller baseball-genser) frå Gina Tricot som kosta berre 50 kr

#7

Eg er vel ikkje den einaste som ikkje har godt av å ta meg ein liten «svipptur» innom Platekompaniet, men som det er sagt kosta kvar og enkel berre 59 kr.  Fant omsider to av dei finaste norske barnefilmane «Mormor & De 8 ungene» og sidan det er lenge sidan eg har sett dei måtte eg ha filmane. Elles fant eg «A single Man» som eg endå ikkje har fått sett endå, men eg har berre høyrt fine ting om. Til slutt fann eg ein film som eg ikkje har høyrt om før i dag (men som eg burde ha høyrt om),  nå har eg sett eit kvarter og forhåpentleg
vil eg sitta igjen med ein kjensla om eg ikkje har kasta vekk tida fordi det har skjedd alt for mange gonger før.

Where the Wild Things Are (2009)

«Happiness isn’t always the best way to be happy»
– Judith

I kveld har eg endeleg fått meg til å sjå barnefilmen «Til Huttetuenes land» som er kanskje betre kjent for dei fleste som «Where the Wild Things Are» (som òg er ei nokså kjent barnebok). For ein herleg film som alle burde sjå.

Ser den ikkje fin ut?