Instagram: Denne veka

  
     

1. Kjøpte Snapple for første gong på lenge. (Kanskje kommer det snart DIY om kva ein kan gjere med flaska)
2. 70 % på alle varer på Panduro. Kjøpte desse Tilda tøystoffa + mykje anna
3. Kjøpte «Barnepiken» og leste den ut på 2 dagar.
4. Fekk denne t-skjorta frå København av Søskenbarnet mitt
5. Veggen var tom så eg bestemte meg for å lage pynt.
6. Fekk desse 3 korta via Postcrossing
7. Fekk beskjed om at denne karen er nå i Undulathimmelen. Kvil i fred, Lykke.
8. Strikka denne, men har ein nesten lik som eg lagde for lenge sidan.

Advertisements

Tips og triks frå Pinterest

Eg brukar Pinterest alt for mykje, ser etter DIY-prosjekter som eg kan klare eller som eg vil spare til ein annan gong.
Har funnet ein del tips som eg ville dele med dåke som kanskje får ting til å bli lettare.
Alt er tatt ifrå Nedhardy







Må innrømme at det einaste eg har prøvd er tipset med jordbæret og sugerøret som faktisk funkar.

Instagram

(Først vil eg takk for dei fine kommentarane eg fekk på siste innlegg både på bloggen og på facebook. Det skulle ha stått mykje meir, men eg har problem med at tankane mine ikkje alltid vil samarbeide med å forme det til ord)

I det siste følar eg at fleire og fleire får Instagram.
Sjølv har eg hatt ein Instagramkonto sidan April, men er ikkje alltid like flink å bruke den.
Legg meg gjerne til, eg heiter nattdraum (surprise, surprise)
EDIT: Nå har eg skifta namn til lenehaahje

Har du og kva heiter du?

 
 
 

Kjære Besto

Du er den utan tvil den mest unike personen eg har kjent og eg er heldig som fekk ha deg i livet mitt i 24 år.

Det er 74 dagar sidan eg fekk telefonen om at du ikkje er i blant oss og det har ikkje gått ein dag utan du er i tankane mine. Det er ingen ord eller handling som kan beskrivast kor glad eg er som hadde deg i livet mitt og kor mykje eg saknar deg.

Besto, eg saknar å gi deg klemmer medan eg fortel deg kor glad eg er i deg.

Klemmer frå Lene

(Eg skulle ønske eg kunne skrive meir, men orda som er i tankane mine vil ikkje samarbeide)