reprise: pannekakedagen

(Eg gløymte ut at det var pannekakedagen i dag, men i skrivande stund held eg på med den første pannekake som dessverre såg mislukka ut (men i magen min er det alltid plass til pannekaker uansett om dei er litt for mørke eller ikkje fått farge))

 

Skreiv dette i fjor:

«Eg har alltid vore glad i denne matretten, kanskje fordi det er ein av dei eg følar eg meistrar å lage.
Eg må nesten skryte over meg sjølv sidan eg klare å snu dei lufta, men eg må innrømme at det har vore nokon som har fått eit ublidt møte med golvet og deretter matavfallet, hehe.

Ting som er passar godt saman med pannekaker:
– Nugatti (det høyrast rart ut, men er faktisk godt)
– Blåbærsyltetøy
– Frosne blåbær (himla godt)
– Bacon

Der eg kjem frå har me poteter og bacon ved sida av pannekaker. Må ikkje gløyme ut å fortelje at me må strø sukker på pannekakene saman med flesket, namnam.

Ein sundag i fjor lagde eg nederlandske pannekaker for første gang, oppskrifta fant eg her

  

1. Likar du pannekaker og kva likar du å ete det saman med?
2. Kva meistrar du å lage? (Her har me lov å skryte av oss sjølv :D )»

 

Advertisements

6 thoughts on “reprise: pannekakedagen

  1. Pannekaker er noko eg likar veldig godt, mykje fordi det er noko eg føler eg får ganske bra til å lage! Tykkjer dei er aller best saman med mommo sitt heimelaga syltetøy. Sånn elles er eg flinkast til å bake, pizza, bollar, kaker, muffins:)

  2. Eg er ganske flink til å lage mat generelt og liker godt amerikanske pannekaker, som er tjukkare enn tradisjonelle pannekaker, meir lappe-/svele-aktige. Plar kjøpe ein pose med frosne bringebær og lage veldig enkelt syltetøy der eg berre blandar bringebæra med sukker. Mmmm.

  3. Nam!
    Nugatti og bacon er digg på pannekaker!
    Sjølv vil eg sei at eg er god til å lage diverse kinesiske rettar og kyllinglefsene mine 🙂

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s