I går var planen at eg skulle på eit Loppemarked som skuffa mykje (eg følar at det er skuffande lite av Loppemarkedar i Stavanger. Jodå, det er Bruktmarked kvar laurdag frå Mai til haust, men det er igrunnen dyrare).

Heldigvis gjekk det mykje betre på Bruktmarkedet i sentrum (kor eg for første gong såg cathrineholm gryter (4 stk, men dei dei kosta mellom 275 og 400, noko som eg synast er alt for dyrt, men skulle eg ha slått til? For nå byrjar eg å småangre litt. Har heller lyst å vente litt til å sjå om eg finner den ein annan stad for ein rimelegare penge, noko som eg tvilar sterkt på)
Då eg gjekk ein av mange runder rundt dei ulike bodene såg eg oppi ein bokkasse kor det låg ei bok som skreik: «LEEEEENE!» og kosta berre 40 kr. Det var ein bok på (ny)norsk som handla om Marilyn monroe pluss ein del bilete *lykke*
 

Det som er fint med å ikkje ha nokre planar er å kunne sjå ein film før ein tar seg ein dusj og går ut med ei bok, men det er ikkje så greit å komme inn igjen småbrent på ein av skuldrene og begge kneskålene.

Advertisements

05.05

Fem ting som er fint i dag

1. Eg har bursdag i dag og for første gong på mange år har  eg gled meg i fleire dagar.
2. Skal få besøk av venninna mi (+ få ein pakke, jippi)
3. Det er fint ute akkurat nå
4. Skal handle Gele som me skal ha etter gryteretten i dag
5. At eg ikkje er sjuk som eg var sist bursdag (dumme visdomstann)