Søsterdag

Den siste laurdagen i mai blir søsterdag feira i regi av Søstrene Grene, eg veit ikkje heilt korleis eg skal fortelje om det så eg har prøvd så godt eg kan å oversette frå Facebook:

«Søsterdag er din sjanse i året for å vise din søster at du bryr deg – tross alt 🙂

Om du feirar din søster stort eller smått, ute eller inne, tradisjonelt eller full av overraskingar er opp 

til deg. Det er søstertanken som teller.
Ta imot denne nye tradisjonen, din søster vil elske deg for det.

Tips: Har du ingen søster, kan du jo feire med ein medsøster i form av ein god venninne i stedet»

Sjølv har eg feira denne dagen sidan eg fekk høyra om dagen for første gong ved å gi pakke til min litlesyster som er 11 år yngre (ho er 13 år og har i år tatt meg igjen på høgda, ikkje at det er så vanskeleg å bli lengre enn 151 cm, hehe)

Har du planar om å feire denne dagen? (eller har du aldri høyrt om den?)

Halvveis til 50

image

image
Som overskrifta seier så er eg nå halvveis til 50 (det er rart å tenkje på).

Lillesøster lagde ei kake til meg som du kan lage på 5 minutter og den var god 😀
Tusen takk for alle dei fine meldingane eg har fått ♥

3.05

I dag har det blitt 8 år sidan at me måtte ta eit vanskeleg farvel med den fine, men den kanskje litt for sære og spesielle hunden som var ein viktig del av livet mitt i 12 år (10 av dei åra budde ho hos oss og det første dyret eg hadde). Eg er berre så glad for at me hadde nokre dagar på oss for å ta adjø.

Eg har så mange minner av ho, som den gongen eg fant graut (ja, du leste rett, graut) under puta mi eller alle dei gongene ho tok leikene mine ho tok ifrå meg.

Det er så rart å tenkje på kor knytta du kan vere til eit kjæledyr og kor mykje du kan sakne ho/han sjølv etter så lang tid.

Reni00 - Kopi
Reni ❤

1. Kva var ditt første kjæledyr?