Graulere med dagen Mr. Cash!



Sidan Johnny Cash fyller 80 år i dag skal eg høyre på spelelista mi medan eg rydde på soverommet og stuen (som etter erfaring kan ta alt for lang tid, hehe).

Ha ein fin sundag!

Kva skal du gjere i dag?

Advertisements

Pannekakedagen

Eg har alltid vore glad i denne matretten, kanskje fordi det er ein av dei eg følar eg meistrar å lage.
Eg må nesten skryte over meg sjølv sidan eg klare å snu dei lufta, men eg må innrømme at det har vore nokon som har fått eit ublidt møte med golvet og deretter matavfallet, hehe.

Ting som er passar godt saman med pannekaker:
– Nugatti (det høyrast rart ut, men er faktisk godt)
– Blåbærsyltetøy
– Frosne blåbær (himla godt)
– Bacon

Der eg kjem frå har me poteter og bacon ved sida av pannekaker. Må ikkje gløyme ut å fortelje at me strø sukker på pannekakene saman med flesket, namnam.

Ein sundag i fjor lagde eg nederlandske pannekaker for første gang, oppskrifta fant eg her 

1. Likar du pannekaker og kva likar du å ete det saman med?
2. Kva meistrar du å lage? (Her har me lov å skryte av oss sjølv :D)

Hurra…


… Har omsider klart å lage ein gif.
Det er det sundagar handlar om: å gjere ting du ikkje har klart før.

På gif-en ser du den gamle boka mi med glansbilete + Bella då ho var linselus.
Er du ein av dei som samla på glansbilete?

Ha ein fin sundag!

P.s: Har høyrt at det er pannekakedagen på tysdag *hjarte*

Hei

Hei.

Først må eg innrømme at bloggen ikkje har blitt satt i første rekkje dei siste dagane. Eg har brukt dagane til å vaska og rydda, hatt besøk, vore på handel. Ein av tinga eg har gjort mest denne siste veka er …å spele Wordfeud.

Ein ting til, eg trur at eg gir opp  topp-utfordringa. Lysta forsvann etter nokon dagar og då er det betre å gi opp. Kanskje den blir fullført seinare?

Gratulerer til alle mødrene der ute, spesielt Mammaen min som eg er ufatteleg glad i *hjartehjarte*