I år…

…. såg enkelte pakkar som eg gåv vekk slik ut (eg fekk tak i stempelet herfrå)




Advertisements

Where the Wild Things Are (2009)

«Happiness isn’t always the best way to be happy»
– Judith

I kveld har eg endeleg fått meg til å sjå barnefilmen «Til Huttetuenes land» som er kanskje betre kjent for dei fleste som «Where the Wild Things Are» (som òg er ei nokså kjent barnebok). For ein herleg film som alle burde sjå.

Ser den ikkje fin ut?

I går teikna eg endeleg bartar på 3 av  krusa (som eg kjøpte for leeeeenge sidan), nå skal eg berre «steike» dei i steikeomnen så er dei ferdige.


(Må innrømma at dei ikkje er like fine som den på bilete)

Eg er klar over at det er lenge sidan eg har gitt frå meg lyd, men saken er den at dataen bestemte seg for å klikke
(for andre gong fekk den 6 skjermar isteden for 1 som er normalt). Eg er berre glad for at eg klarte å overføra mesteparten
av filene mine, men det er smådumt at eg mista alle nettfavorittene mine fordi eg hadde ein del interiørbloggar osv
(må innrømma at det er litt herleg å starta på nytt, kanskje vera litt kritisk til kva som blir lagt til favorittane).

Ikkje å ha data i nesten 2 veker kan vera heilt gørr, men det slår ikkje den gongen då dataen min vart vekke på
internatet eg budde på Fhs og var utan i fleire veker. Eg må innrømma at det var litt herleg å vera utan ein liten periode
fordi eg har fått gjort andre ting.
– Har blant anna ommøblert stua
– vore på kjøpesenteret to dagar etter kvarandre (første gongen var eg med IL, me såg Katrine Sørland)

– Kjøpte meg fine bokstavar som pyntar skikkeleg
– ventar på den siste Twilight-filmen skal komme frå Play.com (den skulle jo ha kommet i potkassen for ei veke sidan + noko anna eg bestilte (som er hysj-hysj) som eg har venta endå ei veke på)
– Blitt dårleg og hatt ein mamma, ein pappa og ei søster på besøk

Kva skjer med dei norske håndballsjentene nå, men eg er trur at dei kommer til å klare det.