Helga

  
Medan eg og IL åt middag ville denne feite katten komme inn.


Lo medan me spelte PS3.

Var på det nye senteret og kjøpte denne jakka (normalt kosta den 1300, men eg betalte berre 400 kr)
Har fått ein ny orkidé i hus.

Var på loppis og kjøpte ein del bøker (45 kr)

Såg på Friends hos IL og hadde gresk rett til middag

Var våken store delar av sundagsnatt fordi Jon Blund kom ikkje. Såg på Netflix i nokre timar for å få tida til å gå.

Advertisements

Hei

Det har vore stille her i det siste og som du nok ser har eg endra designet på bloggen
Kjente at eg var så lei av det gamle designet at eg mista all gnist og vurderte ei stund om eg skulle
slette bloggen for å starte på nytt. Ein gong i blant kan det vere bra å starte med blanke ark.
Nå er eg glad for at eg bestemte meg for å behalde bloggen. Nattdraum har jo blitt ein del av meg.
(PSSST: Eg har oppdatert sida om meg)

I går kjøpte eg for første gong ein konsoll (PS3). Ein av grunnane til at eg kjøpte den var fordi eg
har hatt DVD-spelaren min i snart 8 år og det er greitt å ha ein konsoll som eg kan bruka til mykje.
Eg betalar jo for Spotify og då får eg gratis Netflix ut året. Så langt er eg fornøgd, eg har funnet
Lilyhammer (som eg endeleg har fått sett alle episodane av), Roswell (som gjekk midten av 2000-talet),
Bamse og mange andre seriar og filmar.  Medan eg ventar på at Ylvis skal starte ser eg på Varg Veum-filmar
som eg ikkje har fått sett endå (og som du kan finne på Netflix)

1. Har du konsoll(ar)?
2. Har du eller skal du få deg Netflix?

Ein av favorittsongane mine