Tru det eller ei, men i dag var eg for første gong åleine på kino, sjølv om det gjekk overraskande bra er det jo utan tvil best å gå saman med andre folk.På bilete ser du at det var den norske filmen Kon-Tiki. Eg likte den godt, men det var ting som eg småirriterte meg.

Det er alltid like kjekt når det er småjenter som er åleine og som ikkje har høyrt at folk flest som vil kose seg på kino setter stor pris på bruken av innestemmer og at ein ikkje spring inn og ut kvar einaste tiende minutt.

1. Har du gått på kino åleine?
2. Kva synast du er det mest irriterande på kino?

DIY: Snapple

Sist innlegg skreiv eg at det kanskje ville komme eit DIY-innlegg om kva du kan gjere med Snapple-flaska.

Etter eg kom over dette innlegget for nokre år sidan har eg spart på glassflasker og syltetøyglass.

Mitt tips er å vise fram bileta dine på denne måten.

Og korken kan du fint ta ein magnet på (som du finner på Panduro). Vips så har du pynt på kjøleskapet.