«Jeg fant, jeg fant»

Eg har gjort ein del fine kupp på Fretex, men i dag var eg heldig som fant noko som eg ønska meg skikkeleg mykje då eg var liten, nemleg det blå runde huset til Mummifamilien. Eg fekk meg ein del møbler som høyrar til + nokre figurar som ikkje tilhøyrar til familien, men som er med i forteljingane (noko som ikkje er farleg sidan eg fekk nesten alle av mamma og syster i sommar). Eg må innrømma at eg gjekk ein del rundar sidan det kosta 130 kr, men det er ein lita pris med tanke på at det er Mummi (liksom).

 


Då eg såg Ellen Degeneres i kveld dukka denne utroleg flotte reklamen opp. Du må nesten sjå den, så veit du kva eg meiner. Her snakkar me amerikansk reklame på sitt beste (HAHA!!!1)

+ har du lyst til å le sånn du byrjar å grine må du sjå denog den
  (P.S: det er ditt eige ansvar viss du trykker på linkane)

Eg er i grunnen svært lite glad i filmane Kate Hudson er med i, men då eg såg Nine (som har mange fine folk med) må eg innrømma at eg blei positiv overraska over ho.


Daniel Day-Lewis, Penélope Cruz, Judi Dench, Nicole Kidman og Marion cotillard er òg med i filmen