reprise: pannekakedagen

(Eg gløymte ut at det var pannekakedagen i dag, men i skrivande stund held eg på med den første pannekake som dessverre såg mislukka ut (men i magen min er det alltid plass til pannekaker uansett om dei er litt for mørke eller ikkje fått farge))

 

Skreiv dette i fjor:

«Eg har alltid vore glad i denne matretten, kanskje fordi det er ein av dei eg følar eg meistrar å lage.
Eg må nesten skryte over meg sjølv sidan eg klare å snu dei lufta, men eg må innrømme at det har vore nokon som har fått eit ublidt møte med golvet og deretter matavfallet, hehe.

Ting som er passar godt saman med pannekaker:
– Nugatti (det høyrast rart ut, men er faktisk godt)
– Blåbærsyltetøy
– Frosne blåbær (himla godt)
– Bacon

Der eg kjem frå har me poteter og bacon ved sida av pannekaker. Må ikkje gløyme ut å fortelje at me må strø sukker på pannekakene saman med flesket, namnam.

Ein sundag i fjor lagde eg nederlandske pannekaker for første gang, oppskrifta fant eg her

  

1. Likar du pannekaker og kva likar du å ete det saman med?
2. Kva meistrar du å lage? (Her har me lov å skryte av oss sjølv :D )»

 

Pannekakedagen

Eg har alltid vore glad i denne matretten, kanskje fordi det er ein av dei eg følar eg meistrar å lage.
Eg må nesten skryte over meg sjølv sidan eg klare å snu dei lufta, men eg må innrømme at det har vore nokon som har fått eit ublidt møte med golvet og deretter matavfallet, hehe.

Ting som er passar godt saman med pannekaker:
– Nugatti (det høyrast rart ut, men er faktisk godt)
– Blåbærsyltetøy
– Frosne blåbær (himla godt)
– Bacon

Der eg kjem frå har me poteter og bacon ved sida av pannekaker. Må ikkje gløyme ut å fortelje at me strø sukker på pannekakene saman med flesket, namnam.

Ein sundag i fjor lagde eg nederlandske pannekaker for første gang, oppskrifta fant eg her 

1. Likar du pannekaker og kva likar du å ete det saman med?
2. Kva meistrar du å lage? (Her har me lov å skryte av oss sjølv :D)

24.08.11

Eg er kanskje ikkje den som ropar høgast “Hurra” når det gjelder å lage mat.
I dag derimot har eg laga Pastasalaten min som eg er mest fornøgd med og som eg faktisk klare.

(for å vera ærlig blei eg overraska over at det var så mange som likte den statusen)

Russedessert


I kveld prøvde eg meg for første gong å lage ein av mine favorittdessert i heile verda, Russedessert.

Som du kan sjå blei den litt for klissete. Ja, den blei nesten som lim og var småkvalmane (måtte kaste halvparten fordi eg ikkje klarte meir) sikkert fordi eg tok litt for mykje semulegryn oppi, men då har eg heldigvis lært til neste gong.

I dag fekk eg tak i min 5. kirsebærskål på Fretex til berre 10 kr

I dag….

…. plukka eg blomar frå hagen igjen

…. kjøpte eg ein t-skjorta på BikBok som eg har frå før
…. steikte eg banan i ovnen saman med peanøtter og sjokolade (+ litt is til sides)

…. tvang meg sjølv til å sitte ute i over ein time kor eg fekk tida til å gå ved å høyra på musikk og
strikka vidare på teppet mitt som ALDRI blir ferdig
…. laga eg spagetti og kjøttdeig (med tomatsaus, løk og champignon)

…. snakka eg lenge med både storebror og lillesøster
…. begynte eg på eit brev som skal til Tyskland
…. såg eg ein del episodar av House

I kveld fant eg ut at eg hadde for mange egg (som hadde gått ut på dato, men det fungerte fint) og ville ha noko godt. I kokeboka som eg fekk då eg hadde heimkunnskap er det oppskrift på Rullekake, så eg ville prøve å lage det for første gong i mitt liv, og eg må innrømma at resultatet er ikkje det verste eg har laga på første forsøk (*hostpotetstappesombleipotetsuppeogekkelhost*)

Nå skal eg kosa meg med Poirot som er på tven nu, me talast!