Heihei

1. Fant ut sist veke at bloggen er 1 år, men gløymte det rettogslett ut.

Tusen takk til dei omlag 4600 som har klikka seg innom bloggen i løpet av bloggens første leveår, for mange er det sikkert lommerusk, men ikkje for meg. Spesielt takk til dei (6 personane som følgjar bloggen på Bloglovin« og andre stadar, dåke veit ikkje kor mykje eg sitte pris på at dåke følgje min blogg). Tusen takk for alle dei fine kommentarane, dei betyr mykje for meg.

Ein liten ting før eg starte på neste punkt: Korleis kom du over bloggen?

2. I helga har eg vore heime hos 1.stk Mamma , 1.stk Pappa og 1.stk lillesyster (som faktisk er både 11 år og 11 år yngre enn meg og nesten like høg som meg, haha) + Undulat og Katt. Eg har blitt til ein person eg aldri i verda skulle vera, nemlig ta tusenvis bilete av katten. Neidå, det var ikkje ein gong 100, men eg kan innrømme det er omlag 50.

3. Eg tenkte eg skulle ta meg ei liten bloggpause (faktisk ein frivillig nettpause), men det har seg sånn at eg ikkje har tilgong på nett sånn som dei fleste i Noreg, kan eigentleg berre bruke 4GB i månaden (som er null og niks). I morgon skal eg ringe til Telenor for spør om andre moglegheitar.

Ting eg har (u)lyst å gjera under pausen:
– Rydde i alle skap
– Vaske golv og veggar + glass

– Bake
– Rydde i kjøleskap + fryser

– Skrive i notatbøkene mine
– Gå turar (med eller utan kamera)

-Og sjølvsagt lese bøkene som eg har forsømt medan lesegleda var altfor lenge vekke

Andre tips? (så kan eg lese det i morgon tideleg, men pausen eigentleg frå når eg reiser tilbake til byen)

Me talast/sjåast!

For nokre veker sidan var eg innom Fretex og fant endeleg noko som eg har vore på jakt i lengre tider, herleg sak til å smelte smøret (staden for å bruke ein stor kasserolle)


eit nokså forsinka bilete av Bartekruset mitt (som har fått eit nytt heim hos venninna mi sidan ho hadde lyst på og eg ikkje hadde meir porselentusj).

Dei gode gamle dagar



Under Mammutsalget i år kjøpte eg blant anna denne boka kor det står ein del kva som var populært mellom 1960- og 2000-talet i Noreg. Sjå den stilen som var på moten det året eg vart fødd, pastellfargar til dei grader, hehe.
Eg saknar tida då isen ikkje var så dyr.