24.08.11

Eg er kanskje ikkje den som ropar høgast “Hurra” når det gjelder å lage mat.
I dag derimot har eg laga Pastasalaten min som eg er mest fornøgd med og som eg faktisk klare.

(for å vera ærlig blei eg overraska over at det var så mange som likte den statusen)

Advertisements


Du veit at du er vaksen når nokre av dei finaste tinga på ein fredag er at det var 50 prosent på heilårsdyne (frå KID) og at pizzadeigen omsider var bra nok til at eg kunne steike den (kunne jo ha vore mykje betre, men eg kan jo ikkje vera altfor kravstor).

Denne fredagskvelden tilbringer eg med “Åse Tonight” som eg lånte frå Biblioteket i dag. Eg kjennar at det nokon gonger blir alt for mykje, men Pernille Sørensen får meg alltid til å le og det er det viktigaste eller kva?

+ Det er koseleg å få meldingar frå ei venninne som har opplevd noko fint

Kva er det finaste som har skjedd med deg i dag?

Om resten av familien er vekke ein torsdagskveld kan det vera fint å sitte åleine med ein bok og observera korleis skyene endrar seg dramatisk kvar gong du flyttar blikket frå boka og opp.

 
 

Det er heller ikkje gale å høyre på fine-damer-spelelista mi (som du kan høyre på ved å trykke her)

Mitt lille land


Eg har prøvd og prøvd fleire dagar å prøve å sette ord på den tragedien som ramma Noreg for 11 dagar sidan og reaksjonen til det norske folk, men det er for vanskeleg å finne dei rette orda.

Eg ønskar sårt at dei som mista livet sitt 22.juli skulle få leve mykje lenger, dei hadde så mykje å leve for.
Mine tankar går til alle dei som mista livet eller det mest kjæraste dei hadde.

Mitt lille land, eg er stolt over den måten me som ein nasjon har takla denne tragedien.
Eg er glad i mitt lille land.