Instagram: februar

Nå kommer det 28 ruter med bilete av korleis min Februar 2014 såg ut

collagefeb20141
1. Eg skifta på senga 2. Hadde vaskedag 3. Lagde mine første eltefrie Ciabatta og hadde besøk av syskenbarnet mitt 4. Fant omsider den nye Mummikoppen 5. Fekk voksenpoeng ved å kjøpe strykejern 6. Kjøpte Dilla på håndlaget og Molliemakes 7. Reiste heim for helga 8. Fant fram dei gamle leikene mine medan me hadde besøk av ein liten kar 9. Koste med denne fine katten

collagefeb20142
10. Lagde meg ein smoothie *hjarte* 11. kjøpte meg ein liten, men stor kommode på Fretex til 35 kr 12. Ein katt som ser ut frå plassen sin 13. Sånn såg det ut på kontoret/gjesterommet 14. Hadde besøk og var på IKEA 15. Fekk hjelp til å skru saman TV-benken 16. Spelte The Sims 2 på ein sundag 17. Kjøpt meg ein blom på Rema 1000 18. Prøvde meg for første gong på Overnight Oatmeal

collagefeb20143
19. Overnight Oatmeal 20. Eit rart egg 21. Smoothie in the making 22. Overnight Oatmeal
23. Var ute på tur med ein fin gjeng 24. Overnight Oatmeal…igjen 25. Malte den kommoden eg kjøpte på Fretex med Tavlemaling 26. Dagenes kjøp: kattesand 27. Smoothie

IMG_20140228_163232
28. Teikna eit smilefjes

Når eg ser dette virkar eg som ein utroleg sunn person, men det er eg langt ifrå (hehe)

Har fleire instagrambileter eg vil dele med dåke:
collagebeb2014bonus
Bilete av 1. Påskeegg NÅ?! 2. Har ingen ord 3. Haha… 4. Såg på Mean Girl for fyrste gong på år og dag, du kan finne den på Netflix 5. Såg på OL 6. Ein Ilse Jackobsen regnkåpe til under 400 kr på Fretex 7. Leikte med denne fine fyren 8. Halvpris på Fretex (som er nevnt før på bloggen) 9. Molly-selfie

Advertisements

#6

 I går var eg, ei venninne og lillesyster på eit «loppemarked» her i heimbygda mi, må innrømma at eg ikkje fant så mykje som eg hadde eit håp om, sjølv om eg fant eit stillig speil til 40 kr og ei bok (Vindenes Skygge) til berre 10 kr. (eg er klar over at datoen er på bileta, lånte kameraet til foreldra mine)


Mamma har vore å handla ting til meg frå Fretex

Nå har eg 4 av desse kirstebærskålene


 Pluss eg fekk eit Mummiteppe som er herleg

Elles var eg oppe på loftet for å finne leiker (til ungane som skulle komme til selskapet til systra mi) og eg fant desse tinga

Og favoritten min (Figgjo Askebeger med plass til røyk og ei pipa)


Ukjent kor den er frå, men har hatt den lenge

Figgjo. Kjøpte 4 stk på Fretex. (Funfact: Kulturhuset kor eg er frå har desse endå. Krysser fingrene at dei ikkje vil ha dei lenger og vil gi ein del vekk til meg;) Haha)

Figgjo, kjøpt 3 stk på Fretex.

Indiska, Kjøpte 2 stk på salg (Eg har aldri hatt så svære krus før)

Fekk til Jul i fjor. Som du ser har eg brukt superlim, haha.

Kjøpt på Søstrene Grene i ein boks med 2 stk (Måtte ha superlim på den andre)

Fekk 2 stk til jul for nokre år sidan.

Fekk 2 stk til Jul for nokre år sidan, knuste ein og kjøpte ny.

Eg vant den! 😀

Kjøpte 2 stk på Søstrene Grene, som du kanskje kan sjå er den knust og limt med superlim (Vimsen? eg?)

Min først Mummikrus.

«Jeg fant, jeg fant»

Eg har gjort ein del fine kupp på Fretex, men i dag var eg heldig som fant noko som eg ønska meg skikkeleg mykje då eg var liten, nemleg det blå runde huset til Mummifamilien. Eg fekk meg ein del møbler som høyrar til + nokre figurar som ikkje tilhøyrar til familien, men som er med i forteljingane (noko som ikkje er farleg sidan eg fekk nesten alle av mamma og syster i sommar). Eg må innrømma at eg gjekk ein del rundar sidan det kosta 130 kr, men det er ein lita pris med tanke på at det er Mummi (liksom).

 

Sist veke var eg saman med foreldra mine, syster og Bestemor på Austlandet (nærmare bestemt Hedmark) for å besøke systrene til mamma og få møte det første oldebarnet til Bestemor som er født tidligare i år. Det er koseleg å treffe familie som ein ikkje møter på nokre år. Eg handla meg blant anna postkort av Budeia som rir på Purka (kjøpte òg ti postkort som eg skal sende til folk rundt i verda), to putetrekk frå Kremmerhuset (som eg berre betalte 20 kr for, men det kosta eigentleg 69,-) +++. Av Mamma fekk eg den fine Mummi-samleboksen som er nydeleg ❤

Eg har elles rydda ut av rommet mitt og inn på det minste soverommet i huset, men det gjere ingenting fordi rommet er nokså så koseleg + tilgongen på det tråløse nettverket er heilt umerket (hehe ;)) Elles har eg vore på loftet kor eg kosa meg (les: rota meir enn eg rydda) kor eg fant ut at vepsane hadde eit hus der oppe, men eg fant meg likevel ein del ting: eit analog kamera som eg lekte ein del med som liten, ein brun skinnveske og nokre anna småting. Elles fant Mamma to lysebrune skinnvesker som eg har ønska meg lenge og som er i dag moderne.

Eg likar å finne ting som eg har gløymt at eg har hatt som for eksempel postkort av tigere som eg kjøpte då eg var i India med Folkehøgskulen for over 2 år sidan. 
 
(Det er lite batteri på kamera, så bilete kommer ein annan gong)

I dag….

…. vakna eg omkring 8 og irriterte meg over at eg klarte å sove ein time lenger

…. satt eg ute frå 11 til 3, men eg tok ein pause for å få med  meg ”uløste gåter” på Tv2 Zebra.
…. fekk eg tida ute til å gå ved å høyre på radio og strikka på teppet som aldri blir ferdig.
…. høyrt Bjørn Eidsvåg vera gjest hos hengekøya (På P1)kor han song ein ny song som eg likte godt og som kan komme med den neste plata.
…. kom IL med ting heimanfrå og oppi posen låg det ein del videokassettar (for eit videokamera som
er 22 år gamalt) og Mummi-figurar som Mamma har kjøpt.
…. starta å sjå på videoklippa som bestefar filma oppover åra og som eg har planar om å overføre
innpå dataen
…. spurte IL om me skulle på den nyaste Twilightfilmen
…. fekk eit nydeleg dikt på SMS av Birte

…. bretta saman kler/handkle medan eg song på Sommar i hekken– spelelista mi (eg hadde tenkt til dela spelelista med
dåke, men Spotify ville ikkje samarbeida). Edit: Fekk det til nu, så enjoy!
…. har eg planar om å vaske opp medan eg ser på Poirot ❤
…. har eg tenkt å leggja meg nydusja i skifta sengkler