Januar: Instagram

I januar har eg kvar dag tatt bilete på Instagram. Var spontant gjort den 1. januar og
eg har lyst å gjere det resten av 2014.
Sånn såg min Januar ut

collageinstagramjanuar1
1. Den første dagen i 2014 reiste eg med buss for å komme meg på den andre sida av fjorden etter ei jul heime.
2. Hadde ein god lunsj før eg starta jobben med å pakke ut tinga mine
3. Var på Kvadrat og hadde eg herleg middag, det er lov når ein ikkje har funnet/pakka ut tinga som trengs for å lage middag heime
4. Internettet virka for første gong i den nye leiligheiten. Var ikkje klar over at eg måtte ringe til Telenor for å melde flytting
5. Kjøpte ting på Kitchn då det var 70% for nokre måneder sidan og pakka dei ikkje før nå sidan eg skulle flytte før jul.
6. Omsider fant eg ein Globus på Fretex som eg har hatt lyst på lenge og kosta «berre» 150 kr
7. Fant ut kor eg skulle ha tallerkane mine
8. Første bilete av Molly som er katten eg passar på og som er kattemora til Bella (katten til foreldra mine
9. Bakte mitt første brød som er eltefritt. Oppskrifta finn du her

collageinstagramjanuar2
10. Denne karen var på besøk i nokre timar. Han blei påkjørt 23. desember og fekk heldigvis ingen skader.
11. Reiste heim til søsken og foreldre. Leita etter ting å ta bilete av og fant dette som eg har hatt sidan eg var liten.
12. Tru det eller ei, det var faktisk sol ute og eg måtte sjølvsagt ta bilete av skuggen min
13. Skulle tru at ho aldri har fått kos
14. Denne var i postkassen og er kjøpt her.
15. For ein som har sett The Birds 2 gonger er det sikkert sånn Helvete ser ut
16. Kjøpte ein krydderhylle til 20 kr og som eg vil fikse. Tips?
17. Reiste opp til Haugesund på besøk. Nokre timar etterpå gjekk det ikkje ann å komme seg over fjorden. (og broren min blei 30 år)
18. Cola og hobby i mitt hjarte
collageinstagramjanuar3
19. 2 timar før eg skulle ta Kystbussen opna ferjene over fjorden igjen og eg kom meg nedover
20. Kom eit trinn lenger med heklinga
21. Ein som må ha kos medan eg ser på tv eller sitter på sofaen
22. Denne er bra å høyre på medan ein rydder
23. Henta nye briller som eg ser klart med, men som eg må venne meg til
24. Hadde ein koseleg kveld med søskenbarnet mitt og dottera hennar og eg lagde Nachos
25. Overførte omsider alle bileta mine over på den eksterne hardisken
26. Lagde smoothie for første gong i år
27. Koser oss (fant ut at det er eit liknande bilete, men det er sånn det er hos oss)

collageinstagramjanuar4
28. Såg på bilete som eg tok i India feb/mars 2008
29. Hadde sofaen for meg sjølv (luksus) og såg på The Big Bang Theory
30. Handla ein del garn
31. Var på eit koseleg besøk hos Charlie.

Advertisements

2 thoughts on “Januar: Instagram

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s