Hurra…


… Har omsider klart å lage ein gif.
Det er det sundagar handlar om: å gjere ting du ikkje har klart før.

På gif-en ser du den gamle boka mi med glansbilete + Bella då ho var linselus.
Er du ein av dei som samla på glansbilete?

Ha ein fin sundag!

P.s: Har høyrt at det er pannekakedagen på tysdag *hjarte*

I går var planen at eg skulle på eit Loppemarked som skuffa mykje (eg følar at det er skuffande lite av Loppemarkedar i Stavanger. Jodå, det er Bruktmarked kvar laurdag frå Mai til haust, men det er igrunnen dyrare).

Heldigvis gjekk det mykje betre på Bruktmarkedet i sentrum (kor eg for første gong såg cathrineholm gryter (4 stk, men dei dei kosta mellom 275 og 400, noko som eg synast er alt for dyrt, men skulle eg ha slått til? For nå byrjar eg å småangre litt. Har heller lyst å vente litt til å sjå om eg finner den ein annan stad for ein rimelegare penge, noko som eg tvilar sterkt på)
Då eg gjekk ein av mange runder rundt dei ulike bodene såg eg oppi ein bokkasse kor det låg ei bok som skreik: «LEEEEENE!» og kosta berre 40 kr. Det var ein bok på (ny)norsk som handla om Marilyn monroe pluss ein del bilete *lykke*
 

Det som er fint med å ikkje ha nokre planar er å kunne sjå ein film før ein tar seg ein dusj og går ut med ei bok, men det er ikkje så greit å komme inn igjen småbrent på ein av skuldrene og begge kneskålene.

Dei gode gamle dagar



Under Mammutsalget i år kjøpte eg blant anna denne boka kor det står ein del kva som var populært mellom 1960- og 2000-talet i Noreg. Sjå den stilen som var på moten det året eg vart fødd, pastellfargar til dei grader, hehe.
Eg saknar tida då isen ikkje var så dyr.

#6

 I går var eg, ei venninne og lillesyster på eit «loppemarked» her i heimbygda mi, må innrømma at eg ikkje fant så mykje som eg hadde eit håp om, sjølv om eg fant eit stillig speil til 40 kr og ei bok (Vindenes Skygge) til berre 10 kr. (eg er klar over at datoen er på bileta, lånte kameraet til foreldra mine)


Mamma har vore å handla ting til meg frå Fretex

Nå har eg 4 av desse kirstebærskålene


 Pluss eg fekk eit Mummiteppe som er herleg

Elles var eg oppe på loftet for å finne leiker (til ungane som skulle komme til selskapet til systra mi) og eg fant desse tinga

Og favoritten min (Figgjo Askebeger med plass til røyk og ei pipa)

Sjå kva eg fekk tak i på Fretex i dag, to bøker av Dr.Seuss (The Cat in the Hat og The Cat in the Hat comes back). Dei som har lest bloggen i lengre tid veit at eg er veldig glad i forfattaren. Eg har faktisk ein frå før (som er oversatt av Inger Hagerup, men den er hos lillesøs fordi ho er veldig glad i å lese den)

Beklage at dei er alt for små, men er berre trykke for å sjå dei betre






 I går kjøpte eg Elsa Beskow bok #2, eg kunne ha kjøpt ein bok til, men sidan eg er omtenksam (haha) tenkte eg at nokon andre kunne få gleda av Elsas arbeid (+ boka var trykka på midten av 90-åra og eg likar at barnebøker er gamlare).
Eg tenkte at eg kunne dela nokre bilete frå ”Blomsterfesten” (Trykk på bileta for å sjå i stor størrelse)





Regines Bok – En ung jentes siste ord


I går var eg ein liten tur innom Ark for å sjå om Regine Stokkes bok hadde komme ut.

”Regines bok er basert på Regine Stokkes sterke blogg fra 2008 til 2009. Over 100 000 mennesker fulgte denne bloggen der Regine skrev om kampen mot den dødelige kreften hun hadde blitt rammet av. «Alt jeg vil er å leve, men det kan jeg ikke,» skrev Regine fire uker før hun døde, 18 år gammel. Regines siste ønske var at bloggen skulle utgis som bok. Resultatet er en varm, omtenksom og reflektert bok om liv og død, vennskap og kjærlighet og om hvordan møte sin egen frykt. Deler av overskuddet skal gå til Regines støttekonto som støtter kreftsaken i forskjellige former.Regine Stokke (1991-2009) var fra Kristiansund. Hun var en talentfull skribent og fotograf som nådde bredt ut gjennom bloggen sin. Hun døde av leukemi»

Nå er eg 300 kr fattigare, men det er verdt kvar einaste kronestykke og delar av bokinntektene vil gå til kreftsaken. Har nettopp lest ut boka på nokon få timar og må innrømma at tårene kom meir enn 1 gong.
”Regines Bok – En ung jentes siste ord” er ein av dei finaste bøkene eg har lest nokosinne og er ein av dei få bøkene som eg har betalt full pris for.

Dåke kan enten bestille boka her eller gå til den nærmast bokhandelen.