Instagram: februar

Nå kommer det 28 ruter med bilete av korleis min Februar 2014 såg ut

collagefeb20141
1. Eg skifta på senga 2. Hadde vaskedag 3. Lagde mine første eltefrie Ciabatta og hadde besøk av syskenbarnet mitt 4. Fant omsider den nye Mummikoppen 5. Fekk voksenpoeng ved å kjøpe strykejern 6. Kjøpte Dilla på håndlaget og Molliemakes 7. Reiste heim for helga 8. Fant fram dei gamle leikene mine medan me hadde besøk av ein liten kar 9. Koste med denne fine katten

collagefeb20142
10. Lagde meg ein smoothie *hjarte* 11. kjøpte meg ein liten, men stor kommode på Fretex til 35 kr 12. Ein katt som ser ut frå plassen sin 13. Sånn såg det ut på kontoret/gjesterommet 14. Hadde besøk og var på IKEA 15. Fekk hjelp til å skru saman TV-benken 16. Spelte The Sims 2 på ein sundag 17. Kjøpt meg ein blom på Rema 1000 18. Prøvde meg for første gong på Overnight Oatmeal

collagefeb20143
19. Overnight Oatmeal 20. Eit rart egg 21. Smoothie in the making 22. Overnight Oatmeal
23. Var ute på tur med ein fin gjeng 24. Overnight Oatmeal…igjen 25. Malte den kommoden eg kjøpte på Fretex med Tavlemaling 26. Dagenes kjøp: kattesand 27. Smoothie

IMG_20140228_163232
28. Teikna eit smilefjes

Når eg ser dette virkar eg som ein utroleg sunn person, men det er eg langt ifrå (hehe)

Har fleire instagrambileter eg vil dele med dåke:
collagebeb2014bonus
Bilete av 1. Påskeegg NÅ?! 2. Har ingen ord 3. Haha… 4. Såg på Mean Girl for fyrste gong på år og dag, du kan finne den på Netflix 5. Såg på OL 6. Ein Ilse Jackobsen regnkåpe til under 400 kr på Fretex 7. Leikte med denne fine fyren 8. Halvpris på Fretex (som er nevnt før på bloggen) 9. Molly-selfie

Advertisements

Liste

Sidan det har vore ein del torden, lyn, regn, regn og atter regn har eg laga ein liten liste med ting du kan gjere når du ikkje får sett på tv, vere på nettet eller gå på tur.

– Finne fram eit blad eller ei bok, gjerne i fleirtall
– Skrive lister
– Drikke te

– Nynne/synge på hiter frå 90-talet
– Sette inn bilete i album
– Skrive brev eller postkort
– Vere glad for kunne vere inne
– Rydde i eit skap eller skuffe

(Trykk på bilete for å komme deg til prosjektet)

– Male eller andre DIY-prosjekter
– Trøyste seg med noko godt
– Finne fram spel (om du er saman med andre
– Ta bilete
– Gå og legg deg (ein av mine favoritter)
– Male på framsida på ein billig kladdebok (desse kosta meg 10 kr og er kjøpt på Nille)
imageimage

Kva meiner du burde vere med?

3 år

Hurra for bloggen min som har blitt heile 3 år.
Tusen takk til alle som har klikka innom og gitt dei finaste kommentarane i verda som eg blir satt ut av. Sjølv om eg ikkje er den som er mest aktiv så er eg glad for det som bloggen har gitt meg.
Eg skulle ønske at eg kunne gitt alle kake for å feire, men akkurat det går jo ikkje.

Veit du at eg var i India på denne tida for 5 år sidan. Der var eg på skuletur og opplevde ting som eg kommer alltid til å ha med meg, blant anna tigersafari *HJARTE*, Taj Mahal ++- Sidan eg blir dårleg av sterk mat så levde eg meir eller mindre på Naan-brød.

collagesaf
Her er ein collage som eg lagde for ei stund sidan, Eg har tatt dei på tigersafari som heiter Bandhavgarh National Park

Kva gjorde du på denne tida for 5 år sidan?

Helga

  
Medan eg og IL åt middag ville denne feite katten komme inn.


Lo medan me spelte PS3.

Var på det nye senteret og kjøpte denne jakka (normalt kosta den 1300, men eg betalte berre 400 kr)
Har fått ein ny orkidé i hus.

Var på loppis og kjøpte ein del bøker (45 kr)

Såg på Friends hos IL og hadde gresk rett til middag

Var våken store delar av sundagsnatt fordi Jon Blund kom ikkje. Såg på Netflix i nokre timar for å få tida til å gå.

Hei

Det har vore stille her i det siste og som du nok ser har eg endra designet på bloggen
Kjente at eg var så lei av det gamle designet at eg mista all gnist og vurderte ei stund om eg skulle
slette bloggen for å starte på nytt. Ein gong i blant kan det vere bra å starte med blanke ark.
Nå er eg glad for at eg bestemte meg for å behalde bloggen. Nattdraum har jo blitt ein del av meg.
(PSSST: Eg har oppdatert sida om meg)

I går kjøpte eg for første gong ein konsoll (PS3). Ein av grunnane til at eg kjøpte den var fordi eg
har hatt DVD-spelaren min i snart 8 år og det er greitt å ha ein konsoll som eg kan bruka til mykje.
Eg betalar jo for Spotify og då får eg gratis Netflix ut året. Så langt er eg fornøgd, eg har funnet
Lilyhammer (som eg endeleg har fått sett alle episodane av), Roswell (som gjekk midten av 2000-talet),
Bamse og mange andre seriar og filmar.  Medan eg ventar på at Ylvis skal starte ser eg på Varg Veum-filmar
som eg ikkje har fått sett endå (og som du kan finne på Netflix)

1. Har du konsoll(ar)?
2. Har du eller skal du få deg Netflix?

Ein av favorittsongane mine


Tru det eller ei, men i dag var eg for første gong åleine på kino, sjølv om det gjekk overraskande bra er det jo utan tvil best å gå saman med andre folk.På bilete ser du at det var den norske filmen Kon-Tiki. Eg likte den godt, men det var ting som eg småirriterte meg.

Det er alltid like kjekt når det er småjenter som er åleine og som ikkje har høyrt at folk flest som vil kose seg på kino setter stor pris på bruken av innestemmer og at ein ikkje spring inn og ut kvar einaste tiende minutt.

1. Har du gått på kino åleine?
2. Kva synast du er det mest irriterande på kino?

Instagram: Denne veka

  
     

1. Kjøpte Snapple for første gong på lenge. (Kanskje kommer det snart DIY om kva ein kan gjere med flaska)
2. 70 % på alle varer på Panduro. Kjøpte desse Tilda tøystoffa + mykje anna
3. Kjøpte «Barnepiken» og leste den ut på 2 dagar.
4. Fekk denne t-skjorta frå København av Søskenbarnet mitt
5. Veggen var tom så eg bestemte meg for å lage pynt.
6. Fekk desse 3 korta via Postcrossing
7. Fekk beskjed om at denne karen er nå i Undulathimmelen. Kvil i fred, Lykke.
8. Strikka denne, men har ein nesten lik som eg lagde for lenge sidan.

Fine ting som har skjedd i det siste:

* Eg vant konkurransen om å vinne eit gåvekort frå Coolstuff som Siv hadde. Den som eg fortalte om i sist innlegg.

* Kjøpte ein ny blender fordi den eg hadde før bestemte seg for å bli øydelagt (hallo appelsinjuice, som eg har sakna deg)

* Ete så mykje at ein ikkje orkar å gå før lenge etterpå.

* Vere glad fordi maten eg lagde på laurdag falt i god smak og fordi at venninna mi blei kjempeglad for påskeegget eg gav.

* spele mykje Settlers og Wordfeud

* Ete Freia Påskeegg for første gong i år.

* At det snart er påske og familiekos.

++++

Kva fine ting har skjedd med dere?