Fretex på ein lørdag

image
I dag hadde Fretex 50 prosent på alt brukt dei siste 2 timane. Eg gjekk ut med desse skattane til heile 60 kr:

image
2 rammer, ei veske som hadde kosta 25 kr (eg som ikkje er så glad i vesker), Seasam Stasjon gardiner (til syprosjekter og eg har faktisk gått frå dei ein del gonger tilfelle det var andre som ville kjøpe dei) og ein fin sak til å ha sukkeret oppi.

image
Bonus: Sjå kor fin ho er. Det går overraskande bra med oss med tanke på at ho ikkje stoler på folk og nå kan ho blant anna leggje ved sida av meg for å lukka auga og ikkje bry seg om meg, det er framskritt.

Desse har eg lagt ut på Instagram

Advertisements

Om ein månad har eg faktisk budd her i 3 år (eg følar at det ikkje er lenge, men likevel følar eg at det er lenge).
I løpet av desse åra har eg vore på leiting etter det “perfekte” dusjforheng, men eg har ikkje funnet nokon som eg kunne tenkt meg å betale for å henge på badet.

Før:


Etter:

Berre på nokre få dagar fant eg …. Ikkje berre eit, men to. Kva er oddsen for det?


Dette var det 70% rabatt på Ting og er kanskje litt psycho til å ha på badet, hehe

#11

Det blei ikkje eit blogginnlegg i går heller, men får heller ta det i dag.
Tenkte at eg kunne vise nokre bilete frå leiligheiten som eg leige (med stygg trevegg, trevegg kan vera stillig, men her er det stygt. Gler meg til at den snille pappaen min skal komme ned å fikse stua :))
 

#6

 I går var eg, ei venninne og lillesyster på eit «loppemarked» her i heimbygda mi, må innrømma at eg ikkje fant så mykje som eg hadde eit håp om, sjølv om eg fant eit stillig speil til 40 kr og ei bok (Vindenes Skygge) til berre 10 kr. (eg er klar over at datoen er på bileta, lånte kameraet til foreldra mine)


Mamma har vore å handla ting til meg frå Fretex

Nå har eg 4 av desse kirstebærskålene


 Pluss eg fekk eit Mummiteppe som er herleg

Elles var eg oppe på loftet for å finne leiker (til ungane som skulle komme til selskapet til systra mi) og eg fant desse tinga

Og favoritten min (Figgjo Askebeger med plass til røyk og ei pipa)