Endeleg ein globus

image

Eg er vel ikkje den einaste som synast at gamle globuser må vere noko av det finaste i verda?
Denne fekk eg tak i på Fretex på måndag (ikkje sist torsdag som eg først skreiv). Den kosta berre 150 kr og er finare enn eg hadde håpa på. Kor gamal den er veit eg ikkje, men det står Sowjetunion (den er på tysk, men det gjere ingenting når den er så fin som den er)

På bilete ser du òg ei lyslukt frå Iittala som kosta berre 15 kr

Har du ein globus eller har du lyst på? 

4. advent

Tenn lys !
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

Tenn lys !
To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.

Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett.

Tenn lys !
Nå stråler alle de fire lys for ham
som elsker alt som lever, hver løve og hvert lam.
Tenn lys for himmelkongen som gjeterflokken så.
Nå møtes jord og himmel i barnet lagt på strå.


Denne helga har eg:
– Fått gode klemmar av finaste Birte, IL og Silje
– Vore saman med IL fredag og laurdag
– Spelt brettspel
– Ledd så mykje at både tårer rant og magemusklane fekk trent seg
– Sett Noreg komme seg til finalen
– Sett alt for mykje på Snog Marry Avoid
– Endeleg kjøpt ein kjole som PASSAR!
– Gått ned ein veldig glatt bakke, men rakk faktisk bussen
– Prøvd ut den nye fjernkontrollen til fotokameraet mitt. Eg lurar på kor det andre har blitt av.
– Fått pakke av dei eg leiger hos

I dag er det 6 dagar igjen til jul og 3 dagar til at eg reiser til heimbygda for å feire jula saman med familien min og skal vere der resten av året.