1. advent

https://i1.wp.com/distilleryimage6.s3.amazonaws.com/9e8309383ca411e2b74e22000a9e07d7_7.jpg
«Tenn lys !
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.»

https://i0.wp.com/distilleryimage3.s3.amazonaws.com/7925e9d4398a11e283e622000a1fb86d_7.jpg

I dag leste eg dei to første kapitalane av Julemysteriet og etter eg stod opp såg eg på Nissene på låven, Nissene over skog og hei, Jul i Skomakergata og The julekalender.

https://i1.wp.com/distilleryimage4.instagram.com/4376ceaa3bd511e28ed122000a9f1311_7.jpg  https://i0.wp.com/distilleryimage4.instagram.com/548a517e3be611e2a3b222000a9f1696_7.jpg
1. desember gjekk til å vaske og finne fram dei få juletinga eg har som ser ut til å auke for kvart år. Seinare på dagen fekk eg besøk av Inger Lise og me lagde (les: brukte deigen eg kjøpte på IKEA) pepperkaker og eg drakk julebrus som eg har klart å halde meg unn før desember. Oi, eg gløymte nesten ut at eg i dag åt klementinar for første gong i år og klarte å sette ein båt i halsen.

Snøen har komme, men eg er nok ikkje ein av dei som jublar for det og eg gruer meg til at det blir glattare. For all del, snø er kjempekoseleg (og det er ikkje jul utan), men eg må gå opp/ned ein bratt bakke som alltid er glattare enn mange andre plassar.

Eg er rimeleg imponert over meg sjølv at eg har kjøpt og pakka inn mange av gåvene og det skal bli herleg å unngå kjøpesentera og stresset.

Ha ein fin sundag

Advertisements

2 thoughts on “1. advent

  1. Juljuljul, eg har verkeleg julestemning! Eg kan desverre ikkje seie at eg har vore like flink som deg med julegåvene, men eg er heldigvis på god veg no!
    (ps, jul i skomakargata er det beste <3)

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s