1. Desember

1. Det regner og blåser, men eg vil heller ha det enn snø og glatt is.


2. Sidan det er første dagen i den siste månaden i 2011 tenkte eg at dette klippet passar perfekt for denne dagen. Har ikkje heilt fått julestemninga endå, men den kommer vel med ein gong når Handball for kvinner startar (Kvinnehandball (Norge) er den einaste sporten eg kan sjå på frivillig dessutan har eg følgt med sidan midten av 90-talet).


3. Sånn ser kalender til Mamma ut i år

4. Fant omsider ein pakke til Bestemor.

5. Eg har sagt det før (kanskje ikkje her), men eg er utroleg glad i den litle bussen. Ein av grunnane til det er utan tvil sjåførane, dei er alltid så blide og difor får eg lyst til å gi dei eit smil og «hei» og «hadet bra». Grunnen til at eg nemnar dei i dag er fordi eg tok bussen og akkurat det eg gjekk ut kjente eg at busskortet det var vekke, difor bestemte eg meg for å gå tilbake nesten ein time seinare (det er ganske greitt med ein buss med dei same folka som kjører den same ruta). For å forkorte historien: Det var nokon som hadde levert det inn, snille folk 😀

6. Etter eg har ete MÅ eg rydde sidan eg får besøk av ho greie venninna mi i morgon og på laurdag  kommer Mamma, Pappa og Litlesyster (så sant det ikkje bles over fjorden og ferjene ikkje er innstilt).

7. Nissene over skog og hei (Gler meg)

Advertisements

3 thoughts on “1. Desember

  1. Ååh, så fint blogginnlegg! ❤
    Eg kjenner eg saknar Amalies jul, men heldigvis har me YouTubeklipp me kan kose oss med. Eg skal våge meg inn til Haugesund i dag der det er meldt vind med 18 m/s. Føler det kan verte interessant…

  2. Hei, vet du hva? I dalen min har vi også lillebussen. Den stopper nesten utenfor huset mitt og kjører meg ned til rett utenfor kjæresten min sitt hus. Jeg er så og si venn med alle på bussen, og han ene er t.o.m god venn med kjæresten min, åh. hjerte.

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s