11. September

Då USA blei offer for Terroren for 10 år sidan var eg 13 år og hadde forta meg frå skulen for å nå eit program som gjekk på Tven. Medan programmet gjekk kom det ein melding om at det skulle komme ein ekstra nyheitsending fordi eit fly hadde styrta i World Trade Center. For å vera ærleg blei eg småirritert fordi
eg ikkje visste kva WTC var og fordi eg ville sjå neste episode av serien, men det endra seg med ein gong då eg såg flyet styrte i det store bygningen.
Eg lurte først om det var ei ulykke, men det endra seg fort då eg såg det andre flyet styrte i tvillingtårnet.

Kva min første tanke var då eg såg dei første bilete anar eg ikkje, men eg reknar med at reaksjonen min var som mange: “Dette skal ikkje skje, dette skal
ikkje skje”. Sjølv om det har gått 10 år sidan kjennar eg at eg får ein klump i magen uansett om eg har sett videoar og bilete så mange gonger at eg har mista teljinga.

Kor var du då du høyrte om terroren som endra verda?

Advertisements

8 thoughts on “11. September

  1. Jeg hørte om det da jeg satt på skolen, og da jeg kom hjem viste de jo ikke annet på tv. Jeg husker at jeg synes det var så uforståelig. Jeg kunne ikke skjønne at noen kunne gjøre noe sånt med vilje. Både ta livet av seg selv og så mange andre. Jeg skjønner det ikke i dag heller… Med tanke på terroren som har skjedd både her til lands og andre steder.

    • Eg slutta ufrivillig sidan dei sendte det før eg slutta på skulen, er så takksemd for det, hehe. Såg siste episoden på Youtube sidan eg hadde lyst å le litt, det funka bra å bruke det til å trimme lattermusklane :p

      Eg veit. Sjølv om me er frå Noreg og ikkje kjente nokon av dei som omkom blei me jo påverka til ei stor grad

    • *hysssj* Skulle ønska eg kunne seie at eg ikkje såg på det, men det er løgn :p
      Det var heilt for jæ… å sjå bilete eller videoane som kom inn heile tida + alle historiane me fekk høyra om dei som omkom, dei som overlevde og dei som sat igjen

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s