Heihei

1. Fant ut sist veke at bloggen er 1 år, men gløymte det rettogslett ut.

Tusen takk til dei omlag 4600 som har klikka seg innom bloggen i løpet av bloggens første leveår, for mange er det sikkert lommerusk, men ikkje for meg. Spesielt takk til dei (6 personane som følgjar bloggen på Bloglovin« og andre stadar, dåke veit ikkje kor mykje eg sitte pris på at dåke følgje min blogg). Tusen takk for alle dei fine kommentarane, dei betyr mykje for meg.

Ein liten ting før eg starte på neste punkt: Korleis kom du over bloggen?

2. I helga har eg vore heime hos 1.stk Mamma , 1.stk Pappa og 1.stk lillesyster (som faktisk er både 11 år og 11 år yngre enn meg og nesten like høg som meg, haha) + Undulat og Katt. Eg har blitt til ein person eg aldri i verda skulle vera, nemlig ta tusenvis bilete av katten. Neidå, det var ikkje ein gong 100, men eg kan innrømme det er omlag 50.

3. Eg tenkte eg skulle ta meg ei liten bloggpause (faktisk ein frivillig nettpause), men det har seg sånn at eg ikkje har tilgong på nett sånn som dei fleste i Noreg, kan eigentleg berre bruke 4GB i månaden (som er null og niks). I morgon skal eg ringe til Telenor for spør om andre moglegheitar.

Ting eg har (u)lyst å gjera under pausen:
– Rydde i alle skap
– Vaske golv og veggar + glass

– Bake
– Rydde i kjøleskap + fryser

– Skrive i notatbøkene mine
– Gå turar (med eller utan kamera)

-Og sjølvsagt lese bøkene som eg har forsømt medan lesegleda var altfor lenge vekke

Andre tips? (så kan eg lese det i morgon tideleg, men pausen eigentleg frå når eg reiser tilbake til byen)

Me talast/sjåast!

Advertisements

4 thoughts on “Heihei

  1. Tusen takk for dei fine tipsa og dei finefine orda, dei varmar meir enn alt i verda. Tenkte eg skulle ta meg ein tur for å kjøpe eit mindre kamera i morgon, som er lettare å ta med seg.

    • Ooh, ja! Eg er veldig glad i mitt digitalkamera som eg kjøpte før eg drog til London i desember, slik at eg kunne la spegelrefleksen liggje heime. ❤

  2. Eg fann bloggen din via bloglovin», den kom opp på lista over bloggar eg kanskje ville like. Og det stemte veldig bra!
    Å gå tur MED (meget viktig) kamera er fantastisk, nyt at våren snart kjem, lim bilder inn i notatbøkene dine og skriv til. Det er hærleg.
    Gå på kafé, sjå film/seriar, drikk glasflaskecola og smil til verda. Ha ein fin pause!

  3. Elskar deg, faktisk. ❤
    Og fekk vite om bloggen fordi du er venen min. (Så kul er eg at eg har ein ven som deg.)
    Synest du kan bruke pausen til å vere glad og sjå våren byrje vise seg med blomane som kjem til live og vêret som vert litt varmare. Så skal du berre ha det fint og smile, og drikke te fordi kveldane er framleis ganske kalde, og når det fyrst er kveld kan du gjerne sjå ein film eller to.

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s