# 17

I går då eg tok bussen som går til venninna mi fekk eg oppleva noko som gjer kvardagen ekstra vakker enn vanleg.

Eg satt meg ved eit vindauge bak i bussen og etterkvar som det var mindre og mindre seter, sat det seg ei eldre
dame ved sidan av meg og etter ei kort stund fant eg ut at ho var saman med mannen sin som satt seg ein annan
stad, men likevel innanfor rekkjevidde.

Sidan eg fekk litt vondt av at dei ikkje sat saman spurte eg med ein
gong om dei ville sitta i lag og at eg kunne sitte med ein annan plass (fordi eg bryr meg ikkje om kven eg sitte
saman med + dei virka som nokre koselege personar så det var det minste eg kunne gjera), men ho svarte at det gjekk
fint og viss han ikkje kunne vera utan ho var det eit problem (eller noko sånt, gullfiskhumkommelsen min herjer vilt)
og at dei klarte seg fint. Så eg satt ved sidan av ho, og då personen ved sida av mannen gjekk av satt ho endå ved sida
av meg. Då dei gjekk av bussen smilte ho til meg og me ønska kvarandre god dag, då me kjørte forbi dei haldt dei kvarandre
i hendene.

Eg lurar på om dei er klar over at dei bidro til at den bussturen er ein av dei koselegaste og minnebare eg har hatt, men det
blir dei nok aldri klar over.

Har du opplevd ein liknande situasjon?

Birte gjorde gårsdagen min endå betre ved å skrive dette her (+ eg var som sagt hos IL. For ein dag, for ein fin dag)

Advertisements

3 thoughts on “# 17

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s