Sist veke var eg saman med foreldra mine, syster og Bestemor på Austlandet (nærmare bestemt Hedmark) for å besøke systrene til mamma og få møte det første oldebarnet til Bestemor som er født tidligare i år. Det er koseleg å treffe familie som ein ikkje møter på nokre år. Eg handla meg blant anna postkort av Budeia som rir på Purka (kjøpte òg ti postkort som eg skal sende til folk rundt i verda), to putetrekk frå Kremmerhuset (som eg berre betalte 20 kr for, men det kosta eigentleg 69,-) +++. Av Mamma fekk eg den fine Mummi-samleboksen som er nydeleg ❤

Eg har elles rydda ut av rommet mitt og inn på det minste soverommet i huset, men det gjere ingenting fordi rommet er nokså så koseleg + tilgongen på det tråløse nettverket er heilt umerket (hehe ;)) Elles har eg vore på loftet kor eg kosa meg (les: rota meir enn eg rydda) kor eg fant ut at vepsane hadde eit hus der oppe, men eg fant meg likevel ein del ting: eit analog kamera som eg lekte ein del med som liten, ein brun skinnveske og nokre anna småting. Elles fant Mamma to lysebrune skinnvesker som eg har ønska meg lenge og som er i dag moderne.

Eg likar å finne ting som eg har gløymt at eg har hatt som for eksempel postkort av tigere som eg kjøpte då eg var i India med Folkehøgskulen for over 2 år sidan. 
 
(Det er lite batteri på kamera, så bilete kommer ein annan gong)

Advertisements

3 thoughts on “

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s