Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har blogga på snart to veker, eg har ikkje hatt problem med visdomstennene mine eller noko sånt, og inspirasjonen min er det heller ikkje noko i vegen med heller.

Nå er eg heime hos foreldra mine + lillesøs + undulaten til søs, Lykke. Då eg kom heim etter nokre veker vekke hadde dei nettopp kommet heim etter nokre dagar i Sverige (Alle veit kva det betyr: snop og boksbrus (som eg faktisk får svart tunge av)). Eg fekk nok ein gong bevis på at søs og eg er i slekt fordi ho (rettare sagt Mamma) kjøpte ein Marilyn Monroe toalettmappe frå Søstrene Grene som eg faktisk har sikla over i lengre tider. Elles fekk eg ein liten lommebok, nokre fine postkort med fine Carl Larsson motiv og ein av dei beste sjokoladane i heile verda: kvit Toblerone.

Er det nokre som hugsar Flåklypa spelet som kom ut for over ti år sidan? For ikkje lenge sidan kom det ut på Nintendo DS, og sidan lillesøs har DS og Mamma har kjøpt spelet fekk eg spela det for første gong på fleire år. Må innrømma at eg ikkje hugsa særleg frå det før eg starta på det i dag, men etter kvart hugsa eg korleis ein skulle gjera det. Kva var det du likte best med spelet?

I morgon burde eg rydda meir ting ut av rommet mitt og kaste (eller gi vekk) ting som eg ikkje treng lenger. Eg gler meg til å bli ferdig både der og på gjesterommet. Eg finn slike ting ganske så kjedeleg til tider, men eg tenkje om eg høyre på Spotify så blir eg ferdig på null komma niks.

Advertisements

3 thoughts on “

Gi eit lite pip

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s